Noreg til VM – sommarens store fotballfest!
For første gong sidan 1998 er Noreg klare for eit fotball-VM. Sommarens meisterskap i USA, Canada og Mexico blir historisk.
Det er offisielt – Noreg har kvalifisert seg til VM i fotball 2026! Det er første gong sidan Frankrike i 1998 at det norske herrelandslaget er med i eit verdsmeisterskap.
Noreg vann kvalifiseringsgruppa framfor Italia, og avslutta med ein imponerande 4–1-siger i Milano. Landslaget stod med full pott gjennom heile kvalifiseringa og dominerte gruppa frå start til slutt.
VM i fotball 2026 vert arrangert i USA, Canada og Mexico – og med Erling Braut Haaland og Martin Ødegaard i spissen er forventningane store.
For oss i Fiksdal/Rekdal BK er det ekstra kjekt å vite at fotball-Noreg lever – og kanskje kan sommarens VM inspirere endå fleire unge spelarar til å sparke ball på Rekdal stadion!