G11 slo Molde FK 3! Ei kjempeprestasjon
Guttelaget opna haustsesongen med siger over Molde FK 3. For ein klubb som vår er det ikkje kvardagskost å slå eit MFK-lag.
G11 har denne sesongen møtt Vestnes Varfjell IL, Molde 3 og 4, Elnesvågen og Åndalsnes IL. Det har vore jamne kampar, mykje mål og
mange gode prestasjonar undervegs.
I haustsesongopninga kom også eit ekstra høgdepunkt då laget slo Molde FK 3. Det er ein siger gutane kan vere stolte av.
Rundt laget har både trenarar og foreldre bidrege til gode kampdagar, med kake og kaffi på heimekampane, kiosksal og godt oppmøte.
Trenar Kristian Hanssen og lagleiar Mona Liabø Hanssen har lagt ned mykje arbeid gjennom sesongen. No ser laget fram mot 2026.