Fair Play
Fair Play er ikkje berre kampreglar, men måten vi møter spelarar, dommarar, foreldre og motstandarar på.
Respekt i alle ledd
Trygg arena for barn og unge
Klare forventningar til trenarar og foreldre
Fair Play handlar om korleis vi oppfører oss i trening, kamp og rundt laget. I Fiksdal/Rekdal ballklubb skal alle oppleve fotballen som trygg, inkluderande og respektfull.
Dette forventar vi av spelarane
- Ta vare på medspelarar og inkludere alle på laget
- Spele reint og vise respekt for motstandar og dommar
- Bidra til tryggleik, godt humør og god lagånd
- Helse før kamp og takke for kampen etterpå
- Unngå kjeftbruk, filming og negativ oppførsel
Trener og lagleder – ansvar
Trenarar og lagleiarar skal gjere forventningane tydelege og følgje dei opp i praksis.
- Forklare spelarane rolla til dommaren og kvifor avgjerdene må respekterast
- Reagere tidleg på dårleg språk eller ufin oppførsel
- Sørgje for at Fair Play er ein naturleg del av både trening og kamp
- Vere gode rollemodellar i møte med spelarar, foreldre og motstandarar
Foreldre og støtteapparat
Foreldre og støtteapparat er viktige for miljøet rundt laga.
- Støtt alle spelarane, ikkje berre dine eigne
- Vis respekt for trenarar, dommarar og motstandarar
- Legg vekt på meistring, innsats og trivsel framfor resultat
- Bidra til eit trygt miljø med låg terskel og positiv tone
Konkrete tiltak
- Vi har årleg Fair Play-dag i klubben
- Laga snakkar om forventningar før sesong og undervegs
- Spelarane helsar før kamp og takkar for kampen etterpå
Verdier
Tryggleik: Vi toler ikkje mobbing, vald, rasisme, diskriminering eller trakassering. Glede: Fotballen skal vere ein stad for meistring, energi og trivsel. Respekt: Alle blir møtt med same respekt, uansett rolle. Likeverd: Alle skal oppleve eit trygt og inkluderande tilbod i klubben.